Ny rekord for SommarTrim

Publisert av: May Britt Meland
5/9/2020 10:34

Ingrid Helen Haaland i BKK Breiband synast det er kjekt å sjå at SommarTrim Tysnes i år hadde 216 deltakarar. Dette er like mange som det tidlegare toppåret 2017. -Og folk har vore på tur som aldri før!

Det er ny rekord med 8561 registeret innsjekk i løpet av desse fire månadane. Altså rundt 70 turar om dagen.

 

Fleire kom veldig raskt i gang med mange turar i mai dette året, truleg fordi det var ein del studentar heima og folk som har hatt heimekontor i hus og hytter på Tysnes.

Det er ikkje berre tunge fjellturar som er turmål. Den nymerka løypa i Hakkebakkestien på Nese hadde heile 850 besøk, berre litt færre enn Blåbærhaugen som med 869 er det mest populære turmålet også i år.

Vassstøl, Ilefjellet og Liafjellet har over 500 innsjekk, Hovlandsnuten 222 og Tysnessåta 243.

 

Deltagarar med minst 10 innsjekk pr mnd var med i trekning om gåvekort.

Mai 2020: Gåvekort frå Kompasset        – VINNAR: Bengt E Lunde
Juni 2020: Gåvekort frå Mandelhuset     – VINNAR: Kari Lande
Juli 2020:  Gåvekort frå Haaheim Gaard – VINNAR: Hildegunn Flakke

Trekning mellom deltakarar som er innom alle turmåla i løpet av sesongen:
Gåvekort hos Svingen Puls, kr 1000,-    VINNAR: Beate Kildal Rønning

Trekning blandt dei ti høgste poengsummane:
Gåvekort hos Tysnes Treningssenter, kr 1000,-    VINNAR: Åsta Hansen

 

Her er “Topp 10 lista” for 2020