Livin’ Right Now på Madam Felle

Publisert av:
28/9/2012 18:16

Livin` Right Now er eit rock/pop band med utspring frå Fusa og Tysnes. Dei er aktuelle med sin første EP utgivelse som kjem i forkant av debutalbumet.

– Dette vert feira med konsert på Madam Felle den 29. September, fortel Emil A. Nordveit til Tysnesingen.

– Det vert ein fest-aftan, lovar han.

Forutan Nordtveit består bandet av Erik Rolland, Haakon Haaland, Frode Nordtveit & Håvard Skåtun. Bandet har allereie spelt land og strand her på Vestlandet, alle viktige festivaler er besøkt i sommer, mellom anna Tysnesfest, så gutta har låtmaterialet og gnisten inne, noko som begeistrar publikum.