Liv og røre på Sommarfest

Publisert av: May Britt Meland
20/7/2024 18:21

I eit strålande Julivær var det duka for sommarfest ved Bruntveit handel.

Det var kjekke aktivitetar og leikar for store og små. Nokre fekk seg ein fin drøs rundt kaffibordet i skuggen, medan andre koste seg og bada i sjøen.

Stor stas var det for alle borna at «Klovner fra Latter Event» tok turen innom. I tillegg til klovneri og artige sprell vart det mogleg å få ansiktsmaling og fantasifulle ballongdyr.

Foto: Anne Grethe Lillesletten