Publisert av:
17/11/2011 18:04
Litt nedgong
Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at folkemengda på Tysnes pr 1.oktober 2011 var 2764 personar. Det er to færre enn 1.juli i år.
Det er antall døydde som gjer utslaget. Seks personar fall frå i Tysnes i juli, august og september, medan det berre var tre nyfødde.
32 personar melde tilflytting til Tysnes. 31 valde å flytta ut frå Tysnes.
Sjølv om det er ein liten nedgong i folketalet forrige kvartal, er det totalt sett ein auke frå 1.januar med åtte personar.