Litt meir om “Firkløveren”

Publisert av:
14/1/2010 21:32

“Firkløveren” som Johannes Lunde hadde teikna, var ein staseleg båt – så flott at den vart rekna som “flaggskipet” til agentbåtane.

Etter tida si som agentbåt, var den visstnok ein av pendlarbåtane til Leirvik i 1960-70 åra. I serien “Det var den gongen” i bladet “Sunnhordland” 18. desember 2009, ligg den saman med to andre pendlarbåtar i Naustvågen på Stord. Desse båtane frakta arbeidsfolk frå Mosterhamn, Tittelsnes og Halsnøy.
 
Tysnes sogelag har ein biletkopi av “Firkløveren” utanfor Lunde Båtbyggeri. Den er då truleg heilt ny. Det er der opplyst at den vart levert 1947/48, men det kan jo vera feil.

Dei første åra var det Kristian Flatråker som førte båten. Han var frå Utlebødn på Flatråker. Kristian Flatråker førte også i mange år agentbåten “Wallendahl II” – ein tidlegare redningsbåt som firmaet Wallendahl & Søn hadde kjøpt frå England etter siste krigen.