Lengre opningstider

Publisert av:
1/12/2008 18:14

For nokre veker sidan endra Rimi Våge opningstidene. Frå måndag 17.november vart butikken open kl. 8-21 kvardagane og klokka 9-19 laurdagane.

Sjef på Rimi Våge seier til Tysnesingen at dei ynskte å gje kundane deira eit tilbod om lengre opningstid, samt at det også var eit ynskje frå kjeda.

– Kundane virkar veldig positive til dei nye opningstidene, seier Christensen og legg til at dei har hatt ein liten omsetnadsauke etterpå. – Me har tru på at dette vil auka meir med tida, seier Christensen.

Butikksjefen har ingen formeining om andre butikkar kjem til å følja etter og auka sine opningstider.