Landskytarstemnet 2009

Publisert av:
3/8/2009 10:47

 Tysnes Skyttarlag har berre med tre skyttarar i år, og ambisjonsnivået til desse er vel noko lågare enn det kanskje kunne… Likevel er sørlandsstemninga god, og blant 15-20.000 likesinna er det sosiale i høgsetet.

Når me no er kommen til tirsdags morgon har Knut Dalland skote ferdig sine innleiande skytingar. Han er nettopp ferdig med baneskytinga som gav han 241p, eit sterkt resultat i denne samanheng. Ellers har Terese Løkkhaug og Anders Dalland begge fullført feltskytinga, og skal skyta baneskytinga i morgon.

Alle resultat kan sjåast på http://www.dfs.no/Landsskytterstevner/Landsskytterstevnet/ .
Her kan ein også sjå live grafisk anvisning av skivene på baneskytinga.
I tillegg kjem NRK til å ha sendingar på NRK1 i morgon frå klokka 10.00.