Laksafesten

Publisert av:
2/8/2016 08:01

Som vanleg vart dette ein kjempekveld fortel Olav Skjellevik som var ein av svært mange som deltok på den årlege laksafesten på Alsaker Brygge.

I anledning festenvar det sett opp to telt, med godt med bord og benkjer til gjestane.
Maten var herleg, musikken fengjande og ein fekk møte masse kjennsfolk for ein god drøs.

Musikar for kvelden var det den uflytta solheimsdalingen John Arne Hauge Hansen som sørgde for både taffel- og dansemusikk. Det vart god stemning i teltet!

– Berre synd det er eit heilt år til neste gong…..!

Denne kvelden vart det servert godt og vel 550 posjonar med grilla laks og tilbehør til dei mange frammøtte.

Fleire hadde kome med båt, og det var både fastbuande, hyttefolk og tilreisande blant gjestane denne festkvelden.

På førehand var folk oppmoda om å ta med seg finvêr og festhumør, noko dei også gjorde!
Vêret letta, og ein kunne kose seg ved bålpanna i kveldstimane.

Foto: Olav Skjellevik