Publisert av:
25/12/2010 17:49
Laga skeisebane
Køyrer du langs vegen mellom Uggdal og Flatråker er det stor sjanse for at du ser den – ein flott liten skeisebane like ved hovudvegen.
Mykje nedbør like før det vart skikkeleg kaldt, gjorde at overflatevatnet på ein bakke på Epland fraus til is. I dagane før jul kom det masse snø, men no i julehelga har Andre Henneli og sønene Adrian og Casper måka seg ein fin liten skeisebane.
Så i julehelga var det på med skeisene og full rulle på isen. Med gateljos like ved er det ingen problem å skeisa også etter at mørket er komt.