Anne Margaret Kleppe, Rannveig Ljostveit Helland, Jannike Epland Dalland og Petra Sløgedal.

Kvir du deg til julehandelen?

Publisert av: Martha Nygård Lande
19/11/2020 14:59

Anne’s klær, Gøy på landet, Ivyelli og Tysnes blomster og Interiør ynskjer å tilby kundane hjelp med å gjere julehandelen.

På grunn av smittefaren, synes mange det no er vanskeleg å bruke for mykje tid i butikkane. Personale er klar til å hjelpe, og om du ringer til butikken, kan dei pakke inn gåver, og dersom du sjølv ikkje har anledning til å hente, vil dei også være behjelpelege med utkøyring.

Anne’s klær

 

Me ynskjer å gjere det så enkelt som mogeleg for dei som kvir seg for å gå i butikkane no, seier Rannveig Ljostveit Helland. Me kan også ta bilder å sende kunden, dersom dei lurer på korleis ei vare ser ut.

 

Ivyelli

 

Butikkane har og planar om å ha ekstra ope 1 time for dei som ynskjer å kome utanom opningstidene. Då må ein ringe til ein av butikkane og sette seg på liste. Sidan det er begrensa kor mange som kan vere inne i butikkane samstundes, må me planlegge slik at ein kan halde god avstand.

Rannveig seier dei må sjå kor mange som ringer, og så sette opp ein dag. Dei kundane som har meldt si interesse vil då få beskjed.

Tysnes blomster og interiør

 

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt, seier Rannveig Ljostveit Helland, og avsluttar med at ho håpar Tysnesingane handlar lokalt, både julegåver og anna.

Gøy på Landet