Kven i all verda….?

Publisert av: Vegard Aslaksen
10/12/2019 17:33

Ved sida av bosscontaineren ved Amland bedehus ligg det restar av eit hjortekadaver. Hovud og skinn på det som ein gong har vore ein kalv ligg delvis tildekka av eit par bildekk.
Det er vanskeleg å tenkja seg seriøse jegarar som kvittar seg med avfallet på ein slik måte, så her må det vera amatørar som har vore på ferde.
Dette er mangel på respekt for både menneske og dyr, skriv ein lesar til oss i dag.

Kanskje nokon burde “rydda opp” etter seg?