Kvar bur du?

Publisert av:
22/5/2014 10:43

Kunne det freista med eit kostnadsfritt, gratis og ikkje minst vederlagsfritt festivalpass til Tysnesfest 2014?

I tilfelle, her er framgongsmåten for å stetta krava til denne unike mogelegheita!

Dersom du melder flytting til Tysnes før 1. juli vil me gje deg og din familie festivalpass, samt ei overrasking du vil verta mildt sagt overraska over!

Saman med våre generalsponsorar Tysnes Kraftlag, Tysnes Sparebank og Tysnes Kommune ynskjer me rett og slett å vera med å knyta skolissa på flyttefoten din! Tysnes har mykje å by på, og nyttar du deg av denne sensasjonelle sjansen vil neppe festfyrverkeriet rundt flyttesjauen leggja seg før langt ut i julestria!

Som ein kommentar til dette kan me leggja til at julestria på Tysnes sjeldan tiltek før langt ut på nyåret!

Ta kontakt med Maria på maria@tysnesfest.no for eventuelle spørsmål eller kommentarar, og sjølvsagt for å stadfesta flyttinga, slik at du får festivalpassa dine!