Ein glad gjeng på handballskule! Foto: Atle Birkeland

Kjempekjekt på handballskule

Publisert av: May Britt Meland
20/9/2021 08:35

Handballskulen vart ein ubetinga suksess! 60+ barn frå 1-4 klasse. Mange gjennomførte si aller første handballtrening. Så håpar me det blir mange fleire, men då er me heilt avhengig av foreldre som stiller opp som trenarar og støttespelarar rundt laga.

Lørdag var det mykje teknikk trening, leik og morro. Søndag delte me inn i lag og spelte mange kampar. Stort engasjement og god innsats begge dagar!


Takk til:
Tysnes Sparebank for sponsing,
Spar for frukt og
Select/Tysnes kraftlag for drikkeflasker!


Ekstra stor takk til blide og hjelpsomme instruktørar frå J14 laget!! Som i tillegg spela to kampar i helga, og vann sjølvsagt begge to :)

Tekst og foto: Atle Birkeland