Kunde nummer 1000

Publisert av:
7/11/2012 14:55

Deimante og Marius Sauseris har nytt hus i Vågsmarka, og Tysnes Breiband overraska dei i dag med overrekking av iPad, blomar og laurdagsgodt.

Tysnes Breiband er den Altibox-leverandøren mellom Boknafjorden og Bjørnefjorden som har flest internettkundar med omlag 95% av alle som har internett i kommunen.  Kundane melder at Tysnes Breiband er viktig for å bu og jobba i Tysnes, og heimekontor fungerer veldig bra når ein har raskt internett!

Tysnes Breiband har frå starten hatt håp om tusen kundar, sjølv om dette var svært ambisiøst når det totalt er 1200 fastbuande husstandar i kommunen.  Selskapet vart stifta som eit aksjeselskap i 2005 med Tysnes Kraftlag SA som hovudeigar. Tysnes Breiband starta leveranse av breibandstenester frå Altibox i 2006.

Det er Tysnes Kraftlag som eig det fiberoptiske kabelnettet i kommunen, og dei har framleis montørar i sving kvar veke med framføring av fiberkabel.

Fastbuande, hytte og bedrifter
Alle bygdene i Tysnes var utbygd ved utgangen av 2009 og Tysnes Breiband hadde då 740 kundar.  Etter dette har kundemassen auka jamt med vidare utbygging i alle utkantar og fleire kundar i alle bygder.

Dei fleste kundane er fastbuande Tysnesingar, men det er også tilkopla over 100 hyttekundar og 32 bedrifter. Ikkje alle hyttene nyttar tenesta heile året, men om sommaren er det stor trafikk med august som toppmånad.

Internett er basistenesta til Tysnes Breiband, og dei fleste kundane har også tv og fasttelefoni over fibernettet.

Nøgde kundar
For tredje år på rad har Altibox best resultat i EPSI Norge si kundeundersøking om digital-tv og breiband. Kundane er nøgde og lojale, bl.a. grunna god problemløysing og nye avanserte tenester som:
Ring gratis frå heimenummeret når du er vekke – Altibox Loop
Sjå tv over alt på PC / nettbrett / telefon – Altibox Chill