Kulturhistorisk aften
7/7/2014 15:12
Denne kvelden er det duka for ei spesiell oppleving av det lokalhistoriske slaget. Dei fleste nordmenn kjenner songen om Anne Knutsdotter, men ikkje alle veit at teksten er henta frå eit syngespel som vart skrive av Claus Pavel Riis, diktaren som budde på Onarheim i mange år, som «proprietær» og amtsgartnar. Modellen for Anne i songen ser ut til å ha vore den vesle jenta Herborg Knutsdotter som budde på husmannsplassen Heio i Vattedal.
I si tid var Riis ein populær forfattar i Kristiania. Han skreiv fleire syngespel som vart framførte land og strand rundt, heilt fram i vår tid. Det mest populære teaterstykket hans var utan tvil «Til sæters». Under Tysnesfest vert stykket vist i ein stumfilmversjon frå 1924. Berre det er ein kulturhistorisk storhending i seg sjølv.
Før filmen vil Knut Rage vise bilete frå biletsamlinga etter Claus Pavel Riis, som høyrer heime mellom de aller eldste bileta som finst frå Sunnhordland, tekne omlag 1865. Her kjem publikum tett inn på C. P. Riis og familien hans, i kvardag og fest.
Olav Skjellevik vil fortelja om syngespela etter Riis, «Til sæters» (1850) og «Han har det strengt» (1865) – det er sistnemnde stykke som inneheld den kjende songen om Anne Knutsdotter. Publikum vil også få høyra om innspelinga av filmen «Til Sæters» frå 1924.
Det vert så ein pause før vi visar filmen «Til sæters», som varer omlag 85 min.
Inngangsbillett kr. 50,-.
Det vert også fleire andre arrangement på Årbakka Handelstad under Tysnesfest. Onsdag kveld er det duka for familiekveld med natursti for dei minste, quiz for dei store, hesteskokasting med meir. Torsdag er de “Damenes Aften” med stort ostebord med masse godt tilbehør – inngang kr. 150,-.
Og laurdagskvelden held vi kveldsåpent og spelar musikk på bryggekanten. Kanskje blir det litt bryggedans denne kvelden?
Vi ønsker små og store velkomne til Årbakka Handelsstad under Tysnesfest.
Helsing Marion Tviland