CD-cover designa av Marita Strand Bakke i Blikk Design, med Monica sin eigendesigna logo, foto: Petter Misje, Stord

Kreative Monica debuterer med album

Publisert av: May Britt Meland
14/11/2021 11:35

Monica Hoff Utne har skreve tekstar i fleire år, både dikt og songar. Etter eit hektisk år, er ho no klar med debutalbumet “Bare litt“. Albumet er klart for slepp fredag 19.11.2021.

Skrivinga har for Monica vore ein måte å uttrykke seg emosjonelt på, i tider der det har vore nødvendig. Ho tok med seg songane til ein venn, framførte dei for han og spurte om han tenkte dei var gode nok, og verdt å jobbe vidare med. Etter å ha blitt sett i kontakt med ulike musikarar, kom ho i kontakt med produsent Jan Tore Ness. Etter eitt års har jobbing er songane no klare til å publiserast. Monica beskriv perioden som “fantastisk, gledelig og kreativt blomstrende”.

Monica er ikkje redd for å gå nye vegar, eller for å vere kontroversiell. Ho nøler heller ikkje med å sette ord på vanskelige emosjonelle tema.  Songane hennar kom til under emosjonelle periodar i livet, og sprang gjerne ut når ho var ute i naturen, og songane inneheld viktige beskjedar til folk som treng å høyre dei.

Ikkje bare skriv ho tekstar og melodiar, ho har også sjølv designa og teikna sin eigen logo som du ser på CD-coveret!
-Logoen min, sola, er av betydning, fortel Monica. For meg eit veldig sterkt symbol på det aller viktigaste i livet: livskraft, energi, positiv energi, utvikling med driv i rett retning, styrke og kraft, reise seg opp, overvinne, sammen er vi sterke, lyset, motivasjon, meditasjon og ro, liv. Den symboliserer alt eg står for, og er med meg i alt jeg gjer, også mitt prosjekt! Den er teikna av mange, er symbol for mange og viktig for folk over heile verda. -Eg ville teikne mi eiga sol til logo, for det kjennes helt rett ut for meg.

Logoen er i ferd med å ta form. Foto: Monica Hoff Utne

 

Debutalbumet “Bare litt” består av 11 sterke viser på sprell-levende nordnorsk dialekt. Viser og songar som handlar om glede, sorg, svik, optimisme, fryd, latter, og det å våge og tørre å gjere det du drøymer om. “Bare litt” er eit friskt album med positive vibrasjoner. For Monica er det sjølvsagt å skrive og å synge på norsk og på dialekt.

Ho blir inspirert av tekstane til Lynni Treekrem, Kari Bremnes, Odd Norstoga, av Admiral P med sine flotte rytmar og positive haldningar til livet, og ikkje minst Vamp med sine flotte tekstar, framføringar og musikalske spissfindige tolkningar. Humor, positivitet og gode tekstar er viktige kvalitetar for Monica.

Monica ynskjer å spille live, og held på å sette samman eit liveband og planlegge release- og showcase konsertar.

 

Monica vil vise at hun kan og hun tørr, og hun spør: «Blir du med mæ?»

 

Foto: Petter Misje, Stord

 

Debutalbumet “Bare litt” består av følgande låtar:
1.     Bare Litt
2.     Lykke
3.     Kjeller`s Kafe
4.     Høgt Oppi Et Træ
5.     Aldri, Aldri
6.     Sladder Og Fjas
7.     Hilsen Fra En Venn
8.     Stjernedryss
9.     Der Drømman Bor
10.  Det Brenn
11.  Takk For Dine Fine År

Medvirkande

Alle låter er skrevet, arrangert og framført av Monica Hoff Utne.

Duett: Øystein Kloster/Monica Hoff Utne syng duett på låten “Stjernedryss”

Jan Tore Ness medverkar med perkusjon, akustisk gitar og Synth på låtene, samt el-gitar på “Hilsen Fra En Venn” og “Høgt Oppi Et Træ”

Kjetil Dalland: Bass på alle låtane, samt piccolobass på låta “Lykke”

Kristian Wedberg: Piano på 4 av låtane: “Høgt Oppi Et Træ”, “Der Drømman Bor”, “Det Brenn” og “Takk For Dine Fine År”

Jarle Skavhellen: Akustisk gitar på låtane: “Høgt Oppi Et Træ” og ” Det Brenn” , samt trø-orgel på “Sladder og Fjas”

Albumet er spilt inn med Jan Tore Ness som produsent.
Miksing Jan Tore Ness og Jarle Skavhellen, “Mors Kjeller” opptaksstudio, Bergen. Albumet er mastret av Herbrand Larsen, “Conclave & Earshot Studios”, Bergen.
Cover er designet av Marita Strand Bakke, “Blikk Design”, Tysnes.
Pressebilder og promofilmer er produsert/tatt av fotograf Petter Misje, Stord.