Krasja i kaien

Publisert av:
15/9/2012 12:47

I halv eitt tida høyrtes ein voldsom smell på Malkenes. Hurtigbåten klarte ikkje stoppa og rende i kaien.

I følge bt.no var det 29 passasjerar ombord. Politi, brannvesen og ambulase vart tilkalla til staden. Det er ikkje meldt om personskader, men ein skal ha fått sjokkskade.

Hardangerfjordekspressen fekk store materielle skader og ligg no til kai ukøyrbar på Malkenes. Erstatningsbåt er sett inn i ruta.

Alle foto. Camilla Korsnes