Krafttak mot kreft
3/3/2020 13:46
No er det atter tid for aksjonen Krafttak mot kreft 2020 og me satsar på eit godt resultat for Tysnes i år og – men for å få dette til er me avhengi av DI hjelp.
Middlane som vert samla inn vil i år igjen gå til forskning på kreftformer som få overlever samt gode omsorgstilbod til pasientar og deira pårørande.
Berre ein av ti overlever bukspyttkjertelkreft, to av ti overlever lunge-, galleblære-, lever- og spiserørskreft. Dette er kreftformer som ofte vert oppdaga seint på grunn av diffuse symptomer.
I perioden 09.03.2020 til 15.03.2020 sponsar Alsaker Fjordbruk kvar tur til Blåbærhaugen med kr. 100,-. I samme periode vil det bli gått med bøsser rundt om i bygdene.
Ynskjer du å være bøssebærer?
Meld deg som bøssebærer: Send sms til 2277 med teksten “Bøsse 451036 Fornavn Etternavn” og me kontaktar deg for nærare avtale.
Me har og oppretta digital innsamling som kan nyttast til gåver: https://innsamling.kreftforeningen.no/krafttakmotkreft2020/5-13354
her vil me prøva å leggje inn kor mange som har vært til Blåbærhaugen kvar dag.
Set av litt tid neste veke og gå for ei god sak!
Ranveig og Astrid