Kostbar jubileumsfest

Publisert av:
31/10/2016 12:26

Styret i Stiftinga Tysnesfest oppsummerer jubileumsåret 2016, og slår fast at Tysnesfest har ein stø kurs mot 2020 når dei i dag kom med fylgjande pressemelding: 

Oppsummering av jubileumsåret 2016.

Me har lagt bak oss 10 års jubileet til Tysnesfest! I 7 lange og breie dagar vart det feira, med heile 90 arrangement fordelt rundt på Tysnes.  27 715 personar tok turen totalt! Utan tvil eit eventyr som har sett spor og gitt store inntrykk!

2016 har på mange måtar vist seg å vera eit dystert festival-år. Eit år som pregar festival-Noreg både med nedleggingar og underskot.  Sjølv om Tysnesfest hadde besøks- og omsetningsrekord, vart dette eit år som går inn i historiebøkene med eit underskot på ca. ein halv million kroner. Heldigvis har me pengar på bok etter mange år med overskot, og er difor ikkje truga av andre konsekvensar enn at me må ha enda meir kontroll til neste år.

Underskotet skuldas mellom anna:
Jubileums-feiringa der festivalen blei utvida frå 5 dagar til 7 dagar, og talet på arrangement auka frå 70 til 90. Dette gav til dels store ekstra driftsutgifter utan at inntektene auka på grunn av dei ekstra dagane, ein såg at det rett og slett vart for mange arrangement for publikum. Artistsamansetningen på Gjerstad gjer at me måtte rigga på ein ny og mykje dyrare måte. Investering i infrastruktur til festivalen, som hjelper oss veldig i det lange løp, men er av ein slik art at det blir vanskeleg å avskriva kostnadane.
At fleire leverandørar aukar sine prisar samstundes som det vert auka krav og reglar rundt drift av festivalar gjer og at me får store kostnadshopp då me må leiga inn meir personell og tenester.

Festivaldrift er ikkje samlebandproduksjon. Ein er oppe til eksamen ein gong i året, og resultatet har ein ikkje før siste gjesten har gått heim, konfettien er kosta saman, og den siste lyskastaren er pakka ned.

Fyrtårnet Tysnesfest står støtt også i litt dårleg vær, og det er ein klar plan for vegen vidare.  Grep er tatt, og det er allereie vedtatt at 7 dagars-festival ikkje vert normalen, men at det heller var ein del av jubileumsfeiringa. Frå og med 2017 skal ein tilbake til 5 dagars festival med ca. 70 arrangement slik det var i 2015. Dette er i følgje styret det optimale «oppsettet» for Tysnesfest.

Merkevara Tysnesfest står sterkare enn nokosinne etter årets festival. Sjølvsagt er det ikkje kjekt med underskot, og festivalen har ikkje nådd eigenkapitalkravet sitt enda. Men med den enorme interessa og tilbakemeldingar frå publikum, samt lærdomen ein har fått med seg etter året i år, så føler me oss sikre på at me er på rett spor og at ein skal klara å oppretthalda ein levedyktig festival.

Drift av festivalen.

Tysnesfest vart arrangert fyrste gong i 2007, då som eit utspring av marknadsdagen «Prikkedagen». Festivalen har vakse kvart år, og når ein slik organisasjon veks så fort som festivalen har gjort, kjem ein til ulike vegskilje i løpet av åra. Fyrste store vegskilje kom i 2011, då me såg at for å driva vidare måtte ein profesjonalisera festivalen ein del. Styret valde etter grundig vurdering at Tysnesfest skulle drivast som ein stiftelse for å synleggjera at dette ikkje var noko som enkeltpersonar skulle kunna henta vinning frå. Samtidig vart det oppretta ei leiargruppe på totalt 3 personar som delte ei 100% stilling saman med to kontormedarbeidarar.

Hausten 2015 kom nok eit stort og viktig vegskilje; Nedlegging av festivalen, pause i eitt eller fleire år, eller å oppretta fleire stillingar i festivalen. Etter mange rundar i styret vart det vedteke at ein skal oppretta ein driftsleiarstilling i 100% og ein kontorleiarstilling i 80%, og festivalen skal satsa inn i framtida med ein klar strategi mot 2020.

01.09.2016 vart desse stillingane justert frå driftsleiar til dagleg leiar, og frå 80% kontorleiar til 100% kontorleiar. Samtidig blei Leiargruppa avvikla. Dette er grep som er heilt naudsynte for å kunna sikra drifta av festivalen heile året. Hausten er etter kvart faktisk blitt ei av dei travlaste tidene for festivalen i løpet av året og styret i Tysnesfest såg det som umogleg å følgja opp festivaldrifta på ein forsvarlig måte utan at ein har nokon som sitt med roret kvar einaste dag. Me har stor tru på at grepa som er gjort vil gjera at Tysnesfest vil leva godt inn i framtida, og både leverandørar, publikum og ikkje minst alle dei frivillige vil få enda betre tilrettelegging og oppfølging gjennom festivalen!

Øystein Vaage er tilsett i stillinga som dagleg Leiar, og Maria Avalos-Rønneseth er tilsett som kontorleiar. Maria er for tida ute i mammapermisjon, og Iselinn Andreassen er tilsett i 1 års vikariat for henne.  

Tysnesfest er eit eventyr, både for tysnesingar og tilreisande. Det skal festivalen fortsetta å vera!

 

Alt vel.

Styret i Stiftelsen Tysnesfest.