Bilete frå vårsesongen. Tysnesingen.no

Det vart seier i siste kampen for sesongen

Publisert av: Martha Nygård Lande
22/10/2022 09:02

A-laget til Njardar/Tysnes spelte på onsdag, 19/10, siste kamp for sesongen.

Vårsesongen gjekk bra, men haustsesongen har vore prega av at fleire spelarar har vore skada, og av ulike grunnar har det vore mindre oppmøte på trening, noko som igjen har ført til dårlege resultat.

Siste kamp spelte dei mot Trott 3, og i denne kampen vart det seier 3 – 2 til Njardar.

Ikkje alle kampane i serien er ferdigspelt enno, men slik det ser ut, havnar Njardar midt på tabellen denne sesongen.