Koselig Måndagsrusling

Publisert av: May Britt Meland
28/9/2024 08:55

Denne veka hadde 14 deltakarar ein koseleg tur til Skihytta i Solheimsdalen, måndag 23. september.
Det blei rast og kaffi med “noko attåt”.

Neste måndag, 30. september, tar me sesongens lengste utfart.
Me drar til Uggdal og går til Dagsturhytta ved Kyrkjevatnet og Kjevikjo.

Felles start frå “HSD-garasjen” kl. 11.00.
Eventuell felles transport frå Onartun kl. 10.30.
(NB: Ny tid frå Onartun).

Tekst og foto: Magnhild Møllerup Bang