Kos på isen

Publisert av:
28/11/2010 16:42

Lunde bygdalag oppmoda folk å koma til Fiskevatnet søndag, og familiar møtte opp i hopetal for ein kosedag på isen.

Dei store grillane bygdalaget pleier ha ved arrangement ved Lunde senter var tatt ned, slik at det var råd å ta seg litt mat innimellom skeiseøktene.

Sjølv om det var kaldt, virka det som om folk storkoste seg på Fiskevatnet.