Koronavaksinering etter planen

Publisert av: May Britt Meland
5/2/2021 19:41

Det har i dag vore ordinært møte i Kommunal kriseleiing. Under finn du oppdatert informasjon om covid-19 på Tysnes.

Ingen lokal smitte på Tysnes

Det er ingen nye tilfelle med covid-19 på Tysnes.

Koronavaksine

Koronavaksineringen i kommunen går som forventa. Tysnes kommune fekk 11 hetteglas med vaksine i veke 5, og forventar ti hetteglas i veke 6.

I veke 6 vil me starte opp med vaksinering etter innkalling i bedehuset i Våge. Det er sendt ut innkalling til dei dette gjeld.

Du kan finne informasjon om koronavaksinering i kommunen her: Koronavaksine i Tysnes kommune

Informasjon om koronavaksine frå Folkehelseinstituttet finn du her: FHI om koronavaksineprogrammet

Vurdering av risikonivå i kommunen

Kommunane utarbeidar kvar veke ei risikovurdering ut frå det lokale smitte- og vaksinasjonsbiletet. På bakgrunn av desse vurderingane, og den epidemiologiske situasjonsrapporten for fylka som FHI gjer ut kvar veke, ser Statsforvaltaren på behovet for samhandling av smitteverntiltak mellom kommunane.

Risikonivå i Tysnes kommune i veke 5 er vurdert til å være på nivå 1. Det vil kome eigen informasjon om vurdering av risikonivå på Tysnes kommune si heimeside.

Sjå meir informasjon om risikonivå i Vestland hos Statsforvaltaren

Tiltak i Tysnes kommune

Me viser til at nasjonale reglar og retningslinene i sin heilhet også gjeld for Tysnes kommune. Oppdatert informasjon kan du finne på www.helsenorge.no/koronavirus.