Koronasituasjonen veke 45
12/11/2021 18:48
Vidarefører tiltak og berdeskapsnivå i neste veke.
Legekontoret fekk i går, torsdag melding om to positive koronaprøver etter prøvetaking på legekontoret.
Me opplever at folk gjennom veka har vore flinke til å teste seg, til å følgje anbefalingar og til å informera nærkontaktar.
Ny informasjon på måndag
Kommunen vidarefører beredsskapsnivå i skule og barnehalge, og oppmodingane frå denne veka, ut i neste veke. Dette vert gunngjeve både med den lokale situasjonen og det høge smittepresset nasjonalt.
Tysnes kommune vil på måndag gjere ein ny vurdering og komma med oppdatert informasjon. Fram til då gjeld oppmodingane for veke 45 framleis.
Nye nasjonale tiltak
I følgje nye nasjonale tiltak lagt fram av regjeringa i dag, har alle nærkontaktar frå og med tysdag 16. november plikt til å teste seg.
Legekontoret melder om god kapasitet til å gjennomføre testing – og oppmodar om låg terskel for å testa seg ved legekontoret.
Du kan finne meir informasjon om dei nye nasjonale tiltaka hos regjering.no her.
Koronavaksine
Dersom du ikkje har fått koronavaksine og no ønskjer å vaksinere deg, kan du ta kontakt med legekontoret.