Konsert med organist Steinar Christensen

Publisert av:
4/5/2016 08:32

Minnekonsert tileigna Hans Møllerup Skaten.

Steinar er fra Bergen (fødd 1947), men har vore kantor i Austevoll dei siste 35 år.

Før han kom til Austevoll, var han og organist i Kvam i Hardanger,  Sund og Loddefjord kyrkjer.

Steinar har lang erfaring med  kor, har vore musikkskule-lærar og han har også vore kapellmeister ved fleire musikaler.
Steinar brenn for lokalsamfunnet, og har vore med og bygd opp det musikalske livet i  lokalsamfunnet. For dette arbeidet fikk han Austevoll Kommune sin kulturpris for 2015.

Steinar seier at det stort sett er pipeorgelet som står hjerta nærast, men på konserter o.l. spelar han gjerne på digitale orgel m.a. fordi dei er litt meir fleksible når det gjelder klangar.

I tilegg til eit klassisk repetoar spelar han gjerne litt utradisonell orgelmusikk,som de også vil få høyre i konserten i Onarhem kyrkje.

Steinar har sett saman eit program med verk av: Lübeck – Purcell – Charpentier – Stanley og sjølvsagt J.S.Bach. Siste avdeling vil inneholda musikk av Sløgedal og ei lita avdeling med eigenkomponert musikk.
Her kjem også eit stykke som han har skreve til Kulturkyrkja og det har tittelen “Våren kjem.”
Til slutt får me høyra musikk av Mons Leidvin Takle

Programmet er sett saman med ulike stilartar, noko for einkvar smak.

Inngangspengar kr. 150,