Kongeskipet på besøk

Publisert av:
22/4/2009 07:00

Rundt klokka 08.30 i dag sigla Kongeskipet inn til Våge. Det har lagt seg eit lite stykke utanfor kaien.

Når Kongen og Dronninga skal vitja Tysnes i juni månad, skal dei kongelege reisa med Kongeskipet.

Kongeskipet Norge vart gjeve i gåve frå det norske folk til Kong Haakon VII etter ein landsomfattande innsamlingsaksjon i 1947. Skipet er eigd av H.M. Kongen, men blir dreve av Sjøforsvaret. Når Kongen er ombord på K/S Norge, vaiar Kongeflagget på toppen av skipets aktermast (kjelde:kongehuset.no.)