Publisert av: Martha Nygård Lande
13/2/2020 09:18

KRAFTRANSFORMATOR: Dette bygget på 163 kvadratmeter er kjernen i kaikrangelen på Tysnes. Bygget skal mellom anna huse ein åtte tonn tung kraftransformator som elferja treng for å kunne lade ved kai. Det er allereie bygt eit ladetårn og ein fortøyingsautomat på kaia. Foto: iVestConsult
Konflikt mellom Fjord 1 og Tysnes kommune
Bergens Tidende skreiv i går om konflikten mellom Fjord 1 og Tysnes kommune. Fjord 1 har varsla om søksmål i saka om teknisk bygg på kaien i Våge. Ordførar Kåre Martin Kleppe synes dette minner om trugsel og utpressing av dei folkevalde i kommunen.
Du kan lese meir om dette i BT her.