Kompensasjons- midlar

Publisert av:
22/2/2014 09:22

Fylkesutvalet i Hordaland har vedteke fordeling av 56 millionar kroner i kompensasjonsmidlar knytt til arbeidsgjevaravgifta for 2013. 

Det er dei sju kommunane Modalen, Kvam, Jondal, Tysnes, Kvinnherad, Etne og Bømlo som kjem inn under ordninga med kompensasjon for arbeidsgjevaravgifta.

For 2013 går 35,1 mill. kr av midlane til samferdselstiltak, 6,9 mill. kr til kompetanseheving og 13,4 mill. kr til ei rekkje andre tiltak.

 

I pressemeldinga frå Hordaland Fylkeskommune kan ein lese at Tysnes kommune vert tildelt kr 830 000 til infrastruktur.