Kom deg UT dagen i Kjevikjo

Publisert av: May Britt Meland
8/9/2025 20:36

På ein strålande septemberdag var det mange som tok utfordringa til Barnas Turlag Tysnes og Tysnes Turlag “Kom, bli med oss UT”

Ca 50-60 stk kom og vart med UT Søndag 7. september!

-Me hadde naturbingo med premier, ansiktsmaling, metalldetektor og bålpannemat, fortel Turlaget.

Turlaget vil takke alle som kom og gjorde denne dagen fin!