“Kom deg ut dagen” 6. september
18/8/2020 15:13
Tysnes Turlag vil saman med Tysnes Kystlag og Årbakka Handelsstad lage til arrangement på “Kom deg ut dagen”.
“Kom deg ut dagen” er Norges nasjonale turdag, i regi av Den Norske Turistforening (DNT), med arrangement over heile landet. Dagen blir arrangert to ganger kvart år, fyrste søndag i februar og fyrste søndag i september.
Denne dagen blir det turar og aktivitetar i nærområdet for familiar og andre som har lyst til å være med på ein fin utedag. DNT oppfordrar alle til å bruke denne søndagen som eit startskudd for haustsesongen.
På Tysnes blir arrangementet på Årbakka Handelsstad, der det vil verta ulike aktivitetar. Temaet vil vera kystliv og sporlaus ferdsel.
Dersom ein i tillegg til aktivitetane ved sjøen vil ha seg ein fjelltur, blir det mogelegheit også for det. Ketil Skjolde er dagens guide til Hovlandsnuten.
Ein vil fylgja dei gjeldande smittevernstiltaka.