Klypa til Tysnesfest

Publisert av:
18/2/2010 07:02

Frå ei lita bygd på Sunnmøre,”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”, har karane frå Klypa kryssa kommunegrensa og reist ut i den store verda.

Eit raskt aukande antal nordmenn har fått trimma lattermusklane av “youtube- fenomenet” Klypa med sine 3 mill. nedlastninger. Klypa har gjennom ei fyldig “svelerøre” av videosnuttar, standup og musikalske innslag funne ei oppskrift som begeistrer eit breidt og lattermildt publikum. Resultatet er 100 minutter samenhengande galskap.

Klypa-showet består av bygde-gangsteren Palle som livnærer seg på sal av stimulerande smuglargods som sprit og tobakk. Du får møte den sindige jegeren Strila-Petter som er ein menneskeleg lyn-avleiar med lettare “tourettes”. Sist men ikkje minst den hissige og sjølvsikre Kjell “Kjellen” Bigset med oppi 30 års erfaring som fergematros og bussjåfør (og det meste anna han stikk nasa i).

Klypa har starta på sitt 6 år og det femte showet i rekkja hadde premiere i februar 2009. Snart 30 000 glade publikumere har løyst billett til dette showet og fleire står i kø.
Kritikken frå pressa har vore samstemt gode og til høge tal på terningen. Også riksdekkande medier har fått augene opp for “fenomenet” klypa, noko som har resultert i fleire opptredenar i TV og radio.

Thomas N. Ryste spelar ut sine karakterer på ein truverdig måte og som pubilkum kjenner seg att i. Han vart i fjor tildelt latterstipendet 2009 av Latterfestivalen i Molde.

Gjer deg klar til eit lattermildt møte med Palle, Kjell “Kjellen” Bigset og Strila-Petter. Godt krydra med musikalske godbitar vert dette ei “svelerøre” frå ein annan verden, eller frå Sunnøre…
Sjå www.klypa.net for meir info.