Kjernejournal
1/3/2015 09:34
1. mars får 760 000 innbyggjarane i til saman 67 kommunar i Vest-Noreg sin kjernejournal. Då kjem den på plass i heile Helse-Vest.
Kjernejournal er ei ny elektronisk løysing som samlar nokre kjerneopplysingar om deg og di helse. Her vert det samla viktige helseopplysingar som både den einskilde innbyggjar og helsepersonell har tilgang til.
I kjernejournalen kan ein blant anna leggja inn eigne opplysninger til helsepersonell. Då kjem han på plass i heile Helse-Vest.
Helsepersonellet har tilgang til kjernejournalen i ein eigen portal for helsepersonell og innbyggjarane har tilgang via helsenoreg.no
Kor finn du din kjernejournal?
På den offentlege helseportalen helsenoreg.no får du tilgang til opplysingane i kjernejournalen ved å logge deg på med din elektroniske ID. Her kan du sjå informasjonen som er lagra om deg og leggje inn ekstra opplysingar.
Helsedirektoratet er ansvarleg for utviklinga av kjernejournal.
Siktemålet med kjernejournal:
– Gje tryggare helsehjelp
– Gjere samhandlinga i helsetenesta betre
– Auke pasientane sin medverknad
Kjernejournal vart oppretta 1. mars og alle som er folkeregistrerte i kommunen vil få ein kjernejournal, dersom dei ikkje allereie har reservert seg frå det. Ynskjer du ikkje å ha ein kjernejournal, kan du reservere deg når som helst. Det gjer du ved å logge deg inn på helsenoreg.no og gå til innstillingane for din kjernejournal.
Di finn også informasjon om saka på Tysnes kommune si nettside.