Publisert av:
27/2/2016 13:05
Kjenner seg nedprioritert
Det har vore fleire tilfelle dei siste månadane der ein ikkje har hatt mobildekning fleire stader på Tysnes. -Og i dag er atter ein slik dag!
Kjartan Hagen i Tiko Elektro er svært frustrert over situasjonen.
Han har i dag sendt melding til Telenor og uttrykt frustrasjonen sin.
Hagen seier det er langt frå akseptabelt med så mykje nedetid frå Norges største aktør, og at ein kjenner seg nedprioritert i disktrikta. Vidare lurer han på om ein kan vente seg ei betring framover, eller om ein rett og slett lyt byte leverandør.