Kjempedag i hallen

Publisert av:
8/12/2008 07:45

Sjølv med tett program, haldt TIL stilen både med speeker og innmarsj til alle kampane, noko som vart veldig godt motteke av dei tilreisande laga. Om ikkje kvar spelar vart presentert (pga tidspress), så vart kvar scoring, forsøk på scoring, redning o.l kommentert av speeker (Tobben for dagen), og det var ganske mangen stolte jenter på banen når navnet deiras vart ropt over høgtalaranlegget!!!

TIL hadde òg så klart eit lag med, som spela 2 kampar. Fyrste kampen var mot Kvinnherad 2. Jentene var kjempespent, og hadde gledd seg til denne helga lenge, heilt sidan sist, for 2mnd sidan, i Husneshallen. Dei start kjempebra, og dei viste tidleg at handball kan dei. Anna Dorthea brilljert på kant og vart toppscorar med heile 8 mål. Til pause leda dei 7-3, men fossa berre vidare etter pause. Dei vant heile 14-5 tilslutt.

Andre kampen var mot Fitjar (der søster Tobben, Britt Lise, er trenar, og niese Lisa er spelar). Kampen starta veldig gjevn, og det såg ut til å verta ein meir spennande kamp enn den fyrste. Til pause leda Tysnes 5-2. Etter kvilen viste Tysnes verkeleg kva dei kan. Var vanvittig aggressive i forsvar, kjempespel av keeper Eline (noko Eli også hadde i 1.kamp), og ikkje minst at avslutningane sat der dei skulle. Anna Dorthea vart like godt toppscorer med 8 mål også i denne kampen!!!! Tilslutt vant dei heile 15-4!!!! Solid omg av Tysnes. Kjempekjekt å sjå at så mangen kom på scoringslista

Laget: Eline T.Bakke, Eli Enes, Anna Dorthea Espevik(8+8), Ina Borlaug(2+4),Martine S.Lunde(1), Kathrine Folgerø(2), Nora Kleppe(1+1), Ruth Johanne Kongsvik(2), Tiril F.Solheim,

Det var mangen trøtte jenter som reiste frå Tysneshallen laurdagskveld. Men som arrangør er me(J10) kjempefornøyd med dagen. J10-foreldra+nokre frivilleg…!! stilte opp, og dagen vart kjempekjekk både for tilreisande og fastbuande. Kiosken hadde for dagen auka utvalet med at ein kunne få kjøpt “laurdagsgrauten”, og det var det veldig mangen som benytta seg av!!!

Alle bilda er tatt frå Fitjar kampen, og av Åge Bakke