Publisert av: Martha Nygård Lande
11/5/2019 11:44
Kjekt på hagebingo!
Det var gledelig å sjå at så mange hadde teke turen til Bygdastovo på Flatråker og hagebingo denne fredagskvelden. Det var ca 45 personer med stort og smått frå heile øya som deltok i spenninga om å vinna hageredskaper, sommerblomar, frukttre og hagefigur.
Stemninga var god, praten sat laust og innimellom var det djup konsentrasjon då bingogeneral Gjermund las opp dei magiske tala.
Mat og drikke høyrer med når vi samlast, og det kom godt med for ei avveksling i spenninga!
Flatråker bygdalag er godt nøgd med kvelden og takker til alle som deltok og gjorde kvelden trivelig!
Tekst og bilder: Wenche Tornes