Fyrste kostyme-møte for musikkspelet om Olavsgildet

Publisert av: Vegard Aslaksen
24/1/2019 12:55

Me skal gjenskapa klede frå midten av 1300-talet, og den gongen var fargane varme og henta frå naturen sin eigen palett. Kleda var laga av lin eller ull, og hadde enkle snitt, og kilar gav vidde til kjolar og kjortlar. Berre dei rikaste hadde formsydde klede med knappar. Me har laga kostymeskisser og skaffa mønster, og veit kvar me kan bestilla stoff, så no treng me berre flittige syersker!

Onsdag 30. januar møtes me i Husflidsstova i Våge. Adressa er Teiglandsvegen 4, i bakken bak banken, og medlemer frå både Tysnes Husflidslag og Tysnes Bygdekvinnelag vil vera der.

Har du ikkje sydd kostymer før? Det gjer ikkje noko, for oppgåvene er mange! Me treng deg t.d. til å festa på band, kanta halslinningar, hekla huer, og mange andre ting. Elevar frå 7. klasse ved Tysnes skule og andre påmelde blir med i skodespelet, og difor treng me mange drakter for barn. Dei har god plass i Husflidsstova, så møt fram kl. 18.30. Me gler oss til å koma i gong!

Helsing Johanne Øvstebø Tvedten, Sunnhordland museum, og Synnøve Hodneland, Tysnes Husflidslag.