Kjekt på decopage
14/11/2018 12:41
Tirsdag kveld var det Decopage kveld i Tveit grendahus.
Anne Langeland ynskte velkommen til dei 7 damene som hadde meldt seg på
til ein kreativ kveld og fortalde litt om kva Decopage er.
Decopage er en dekorasjonsteknikk der motiva rivest eller klyppast ut, spesielt frå servietter. Teknikken kan brukast til å dekorera alle malbare flater, som lerret, tre,pappesker, glass ol.Med lim og lakk blir det fine motiv laga av ein sjølv.
Før Ann Sønnøve Meland fortel vidare att i kveld ska de få læra og laga Decopage på glassa til lyslykt og dekorasjon i vinglass, som er julerelatert denne gongen. Og forklarar og viser korleis ein går fram.
Det handlar i grove trekk om maling, liming og klipping av servietter.
Astrid Nygård legg på serviett på glas
Me er sjølvlærde og har plukka opp det meste me kan på nettsider, og me har gjort alle nybegjynner feila så dei slepp de, seier ho og ler.
Glas til lyktene blir laga først sidan dei skal tørke og treng lengst tid.
Damene benka seg rundt bordet og fylgde nøye med når Ann Sønnøve viste teknikken med å lime serviett på glas. Før dei ihuga kasta seg igong med lim og servietter. Det kan vera litt vanskelig å få på servietten utan å riva den sund, noko desse damene klarte veldigt godt, riktig imponert kor kjapt dei tok teknikken.
Full kosentrasjon
Rikt utval av servietter
Mens lim og serviett skal tørka,. hadde me ein kaffipause med noko godt å bita i.
Drøsen gjekk godt og tilbakemeldingane me fekk gjekk på att dette var kjekt, og spennande.
Dei synest det er bra att nokon drar igong slik aktivitet, og svara nesten JA i kor,til spørsmålet om dei kom til å fortsetja med Decopage.
Så var det tid for å forberedte glas dekorasjon.
Her velger ein seg ut figurar og pynt ein vil ha inni glaset, før ein limer dei fast på eit fat,drysser med snø og limer på glasset. Dekorerer med pynt utanpå.
Det blei så flotte og forskjellige resultat, ein skikkelig flink og kreativ gjeng.
Kaffipause med noko godt å bita i.
Me var i forkant spente på om det var noko interresse for ein slik Decopagekveld, og om nokon i det heile kom til å melda seg på, seier Ann Sønnøve.
Allerede få tima etter me la ut arrangementet var det påmeldinga, og me kunne pusta letta ut , konstanterer ho og Anne i kor.
Me er veldig fornøyd med responsen, og gjentar kanskje ein Decopagekveld på Strikkekafe`. Der ein kan ta med seg eige utstyr til det ein har lyst og laga, avsluttar dei.
Flotte lykter og dekorasjon.
Tekst og bilder: Anne Langeland