Publisert av:
15/7/2017 15:41
Kjekt for dei aller yngste
På kaien i Våge var det fullt rundt teater scena under framføringa av Kardemommeby. Den heller bestemte Tante Sofie var litt skummel, men samtidig var det litt morro når ho hersa med røvarane.
At tivoli er spennande, er det ingen tvil om etter kommentaren: -Eg gruar meg, men eg skal gjere det!
For nokre var det kjekt å ha ein vaksen ved si side.
Å sjå nokon lage ballongdyr er alltid like fasinerande.
Rundt Det stille teateret var det tid for rolege aktivitetar. Her fek dei aller minste prøve ulike rytmeinstrument.
Medan andre prøved kunsten å lage kjempestore såpebobler.