Tysnes Cup 2024

Reiso
5. juli kl. 00:00

TYSNES CUP 2024 ?

Det jobbast med å få på plass cup på Reiso helga før Tysnesfest.

Me har gjort litt endringar i reglementet for å få fleire påmeldte lag. Spesielt i dameklassen bør det no være lettare å stille med lag.

Me håpar og på mange lag i to herreklassar; aktiv og uaktiv.

Det neste me manglar då er påmeldingar!

Skrap saman venner og venninner og lag flest mulig lag så får me cupen opp og gå igjen, og kan forhåpentligvis utvida meir til neste år!

Rekorden er over 70 lag, så potensialet er der.

Hjelp Njardar med å dele infoen og få folk til å melde på lag!

INVITASJON TIL TYSNES SPAREBANK CUP 2024

4. JULI – 06. JULI 2024 / 5. JULI – 07. JULI 2024

GATECUP FOR VAKSNE PÅ REISO GRAS OG KUNSTGRAS.

PÅMELDINGSFRIST 23. JUNI, men jo før jo bedre!

GENERELT OM CUPEN:

Tysnes Sparebank Cup 2024 er for alle f.o.m. året dei fyllar 15 år og oppover som har lyst å spela fotball.

Njardar/Tysnes ynskjer på denne måten å aktivisera både fastbuande og ferierande til ei ”uhøgtidleg” og sosial fotballhelg, utan for mykje alvor!

Tilbodet er for alle, enten ein spelar fotball til vanlig eller ikkje!

Dersom DU har lyst å spela fotballcup, få med deg vener/slektningar/naboar og meld ”dåke” på i ein av klassane nedanfor.

KLASSEINNDELING:

Klasse 1 – 7’ar herrefotball

”Lettbeinte menn” – inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig.

(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

Klasse 2 – 7’ar herrefotball

”Sårbeinte menn” – ingen aktive på laga, uansett nivå.

(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 7 innbyttarar)

Klasse 3 – 5’ar damefotball

”Dameklassen” – Lov med 3 inntil aktive pr. lag.

(1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

DEFINISJON AV AKTIVE:

Med aktive i klasse 1 meiner me alle spelarar som har spelt seriekampar f.o.m. 5 div. og høgare i 2024.

I klasse 2 kan det ikkje vera med aktive, uansett nivå, dvs. ingen som har spelt seriekampar i 2024, alt frå aldersbestemt fotball t.o.m seniorfotball.

Med aktive i klasse 3 meiner me alle som har spelt seriekampar i 2024, alt frå aldersbestemt fotball t.o.m seniorfotball.

Spelarar f.o.m 40 år og oppover vert ikkje rekna som aktive, uansett klasse.

Dei som er aktive i klasse 1 og 3 skal merkast av på lagoppstillinga.

NB! Ein spelar kan kun delta på eitt lag.

Elles NFF’s vanlege reglar for 7-ar fotball, men keeper får ikkje lov å kasta/sparka ballen over midtbanen når han/ho har ballen i fast grep eller etter «dødball».

NB! Hugs leggskinn

Dei som evt. ikkje nyttar leggskinn gjer dette på eige ansvar i høve til evt. skader

KAMPAVVIKLING:

Innleiande rundar fredag og lørdag med sluttspel søndag.

Det vert i utgangspunktet 4 lag i puljene og spelt serie i innleiande rundar, dvs. min. 3 kampar på kvart lag.

Dei beste laga i kvar klasse går vidare til sluttspelet.

Sluttspelet vert arrangert som cup. Ved uavgjort resultat i sluttspelet vert kampane avgjort med straffekonkurranse.

SPELETID:

2 X 13 minutt pr. kamp.

Oppmøte med registrering i sekretæriatet min. ein halv time før kampstart.

KAMPOPPSETT:

Kampoppsett vert sendt til kvart lag ved kontaktpersonen og kunngjort på www.njardar.no.

NB!! Hugs namn på laget, klasse, adresse, tlf.nr. – epost til kontaktpersonen ved påmelding!

DOMMARAR:

Njardar/Tysnes sine medlemmer/spelarar/dommarar + innleigde dommarar.

JURY:

Det vil verta oppretta ein jury. Evt. protestar må leverast skriftleg til sekretæriatet min. 1 time etter at kampen er ferdig. Protestgebyr kr. 300,- (vert refundert dersom protesten vert teken til følgje).

CAMPING:

Det vil bli lagt til rette for camping (telt) i nærleiken av klubbhuset med adgang til garderober.

Gje beskjed ved påmelding dersom lag ynskjer camping, jfr. påmeldingsskjema nedanfor.

ARRANGØR:

Njardar/Tysnes ved cupnemnda.

Det vert oppretta sekretæriat i klubbhuset med resultatservice.

Kiosk-sal m/kaffi, vafler, pølser, is og brus ++

Oppdatering av resultater via ”nettet” på www.njardar.no.

PREMIAR:

Premie til dei beste laga i kvar klasse.

Lagpremie og premie til kvar spelar for dei to beste laga i kvar klasse. Lagpremie til tredjeplassane, dvs tapande semifinalister.

Fair Play pris (gjeld felles for alle klassar).

Premieutdeling etter finalane søndag ettermiddag.

NB! Lag som nyttar meir enn 2 aktive i klasse 1 og 4 vert diskvalifisert!!

All bruk av alkohol inne på området er forbode!

Spelarar som nyt alkohol vil bli diskvalifisert!

PÅMELDINGSFRIST OG BETALING:

Påmelding til post@njardar.no seinast 23. juni. 2024

Påmeldingsavgift:

Kr 1.200,- pr lag. i klasse 1 og 2

Kr 800,- pr lag. i klasse 3

Påmeldingsavgifta skal betalast til:

Tysnes Sparebank Cup 2024

v/Tore Økland

5680 Tysnes

Bankkontonr.: 3525.40.49032