Sytreff

Lunde ungdomshus
20. februar kl. 10:00

Strikk og søm til NFI – Tysnes har no førebudd eit nytt sytreff i kjellaren i ungdomshuset i Lunde.

Celine Lunde Rød fortel at NFI – Tysnes stiller med mange fine Jersey stoff og mønster. Vi håpar at fleire vil være med og bidra på denne viktige dugnaden for premature born.

-Du treng å ta med eiga symaskin, og gjerne ha litt forkunnskap om sying. Det er viktig å presisera at dette er “lågterskel”, du treng ikkje nødvendigvis ha sydd mykje, eller lenge for å bli med!

Dei ferdige kleda vert levert NFI ( nyfødd intensiven) på Haukeland i løpet av fyrste veka i mars.

Har du lyst og høve, så bli med og delta søndag 20. februar frå klokka 10.00 til ca klokka 15.00.