Torsdag 19. september arrangerer Tysnes Turlag strandrydding i Tysnes Kommune.
To strender er registrert i ryddeaksjonen, det er Felsvika i Flakkavåg og Espevik.
Har du ei strand i nærleiken der det burde vore rydda opp, kan du setje i gong ein lokal ryddeaksjon, etter først å ha klarert dette med grunneigar.
Kontaktar du meg med SMS på 99565928 eller epost per.verner.aase@outlook.com, kan du få utlevert hanskar og bossekkar.
Avfall kan leverast inn på SIM i Eredalen, leggjast i LOS sin container i Elsakervågen eller eg kan hente.
Fint om du registrerer ryddeaksjonen på https://www.framtidshavet.no/reinhardangerfjord