Storfamilie/babysong-gudsteneste

Uggdal kyrkje
11. juli kl. 12:00

Det vert storfamilie-gudsteneste i Uggdal kyrkje torsdag 11. juli kl. 12.00.

Storfamilie/babysong-gudstenesta er vorte ein tradisjon i Tysnesfest-veka og mange barnefamiliar, både fastbuande og ferierande, set pris på denne litt uformelle gudstenesta.

Gudstenesta er spesielt tilrettelagt for babyar og born, men alle uansett alder er velkomne til å vera med. Det vert mykje song, dans og musikk, så her blir det høve til både dansa samba og syngja kjente barnesongar som «Ro, ro til fiskeskjær» og meir tradisjonelle salmar som «Ingen er så trygg i fare».

Me vonar mange finn vegen til Uggdal kyrkje og ynskjer kvar og ein velkomne til storfamilie-gudstenesta 2024.