Ingen sak for lita - inga sak for stor

Påsketur til Kulturløo på Drange

Kulturløo på Drange
16. april kl. 12:00
Me inviterer alle born (og vaksne) med på tur til Kulturløo på Drange, der Helge, Kari Adele og resten av familien tek imot oss med opne armar.

Me ruslar ein liten tur langs den fine Marihønestien.

Testar sjølvlaga trebåtar i bekken.

Helsar på dyra og får sjå den flotte utstillinga i Kulturløo

Kosar oss rundt bålpanna med mat og drøs.
Det blir servert pølser, vafler, kaffi og saft – og mykje god stemning!

Tid og stad:
Onsdag i påskeveka, ved Kulturløo på Drange kl 12 -15

Påmelding til Sabine på 483 41 105 – slik at me veit kor mykje mat me treng.

Ta med godt påskehumør, og gjerne eit lite sitjeunderlag og kopp om du har.