Opning av pølsemakeriet på Dalland!

Garden på Dalland
25. august kl. 15:00

Det har vore tarmar og bein på garden på Dalland siste tida med å ferdigstilla pølsemakeriet.
No fleskar det seg til, og saken er endeleg biff!
Laurdag 25. august klokka 15.00 vert det godt krydra opning!
Me kan by på:
– Sjølvaste ordførar Kåre Martin Kleppe stå for klypping av… pølse!
– Artige aktivitetar for borna
– Minst lika artige aktivitetar for dei vaksne – sidan dei ofte vert gløymd…
– Smaksprøvar (heilt gratis!)
– Sal av grilla pølser med tilbehøyr (det kostar pengar…)
Ellers har me gode tilbod på både pølser og kjøt. Me kan nemna:
– Opningstilbod!
– Pangtilbod!
– Helgetilbod!
– Seinsumartilbod!

På vegne av oss sjølv ynskjer me alle velkomne til opning! Har du moglegheit til det må du gjerne ta beina fatt, ettersom me førebels har litt begrensa plass til parkering.
Vel komen skal du vera!
Gilde helsingar frå Anders ,Irene og Johanne på Dalland

Dallandsvegen 50
5680 Tysnes