Ønskjer du å bowla no i sommar?

Tysneshallen
19. juli kl. 00:00

Tysneshallen bowling har ikkje fast opningstid denne sommaren. Du kan likevel få bowla så ofte du vil.

Ring eller send sms til 99640123, så skal me skaffa nokon som kan hjelpa deg.
Ikkje kvi deg for å ta kontakt, for me vil at du skal få bowla.

Grunnen til at me gjer dette, er erfaringane frå tidlegare år. Er det fint ver, kjem ingen og bowlar, og den ansvarlege sit og keiar seg.

Tysneshallen bowling