Konsert Herrens Glade Gutter

Kulturkyrkja på Onarheim
13. oktober kl. 17:00

Sundag 13. oktober kjem det åtte glade amatørar frå Fitjar for å halda konsert i Onarheim kulturkyrkje. Der vil dei framføra songar frå Elvis Presley sitt gospelrepertoar og evangeliske songar av Aage Samuelsen – ein spenstig kombinasjon.

Programmet har eit stort spenn, med alt frå rolege balladar, til gospel- og vekkelsessongar med godt driv.

Dei som deltek på konserten er:

o Harald Rydland, kapellmeister som spelar på piano, trekkspel og melodika
o Tom Rydland, song og tamburin
o Arve Rydland, song
o Heine Helland, bassgitar
o Sigurd André Maraas, gitar
o Dagfinn Brekke, gitar og trompet
o Terje Træet, trommer
o Roald Drønen, programleiar

Karane har stor glede av å spela i lag, og dei håpar at publikum vil gleda seg saman med dei denne sundagskvelden.

Konserten har tidlegare vore framført for fulle hus på Austevoll, Bømlo, Fitjar og Stord.
Bilettpris kr 200,- Bilettsalg i døra eller med VIPPS 57 81 30. Oppgi navn og antall biletter.