Kaiarbeid

Publisert av:
23/2/2012 19:24

I november vart arbeidet med ordna tilkomsten til kaien i Våge påbegynt. Ein er no inne i sluttfasen med utbetringa.

Arbeidet som er gjort no er på grunn av utvidinga av Våge kai tidlegare og som førte til at tilkomsten til rutebåkaien vart hindra.

Utbetringsarbeidet vart rekna til om lag fire månader. Skyssbåten har sidan i november brukt den kommunale trekaien nord for Mandelhuset – alternativt nokre avganger frå ferjekaien ved sida av venterommet.