Kaiarbeid

Publisert av:
9/11/2011 17:49

Denne veka byrja arbeidet med å ordna tilkomsten til rutebåtkaien i Våge.

Forutan at ein ser lektar med tårn og store røyr ved kaien, vil dei som bur rundt kaiområdet også merka anleggsarbeidet lydmessig. Det er ein god del støy i samband med arbeidet som vert gjort.

Arbeidet som vert utført no er på grunn av utvidinga av Våge kai tidlegare og som førte til at tilkomsten til rutebåkaien vart hindra.

Utbetringsarbeidet vil ta om lag fire månader, og skyssbåten vil i denne perioden i staden operera ut frå den kommunale trekaien nord for Mandelhuset – alternativt vil nokre avganger bli frå ferjekaien ved sida av venterommet.