Publisert av: May Britt Meland
8/12/2018 17:22
Juleverkstad i Husflidstova
Torsdag 6. desember var det fullt hus på juleverkstaden i husflidstova. 15 unge hadde funne vegen for å delta på ulike førjulsaktivitetar. Her vart produsert lyslykter, julehjerter i papp, filt og bjørkefletting.
Imponerande flotte og varierte sluttprodukt som nok kjem til å pryda mange heimar framover. -Eller kanskje dei vert spennande julegåver?
Ein koseleg kveld både for små og store.
