Julevandring i kyrkja

Publisert av: Martha Nygård Lande
10/12/2024 15:27
Førre veke var det julevandringar for fleire av barnehagane.

Det var born frå Lunde, Vågsmarka og Stjernereiso som var med på julevandring. Det var spente og lydhøyre born som kom til kyrkja, klare for å oppleva juleevangeliet. Det var tydeleg at fleire hadde vore med på dette før, for dei hadde full kontroll på kva dei skulle!

Først samla me oss rundt bålet under stjernehimmelen, der Marit fortalde om det som hendte den aller første julekvelden. Borna var flinke til å passa på sauene, og song «Bæ bæ lille lam», slik at dei skulle føla seg trygge då ulven ulte.

Etterpå la dei ut på vandring for å leita etter stjerna og stallen. På vegen måtte dei skriva seg inn i manntall, og synga litt for nissen som sat på låven. Ved juletreet stoppa me opp fordi der var jo ei stjerne i toppen, men ingen Jesusbarn låg under treet! Me måtte fortsetja vandringa. Til slutt fann me endeleg riktig stjerne, og ved den var stallen med Josef, Maria og vesle Jesus.

Magiske stunder for store og små – tusen takk for at de kom!

Tysneskyrkjelydane